Våre tenester
Vi skapar utvikling i reiselivet
Gode opplevingar kjem ikkje av seg sjølv – dei må planleggjast, utviklast og seljast på rett måte. Gnist Reiselivsutvikling tilbyr rådgiving og konsulenttenester som gjer bedrifter meir konkurransedyktige. Vi hjelper dykk å finne nye løysingar, strukturere arbeidet og byggje kompetanse – alltid med mål om auka lønsemd og berekraftig vekst.
Produkt- og konseptutvikling
Unike opplevingar skapar merksemd, tiltrekker fleire gjester og aukar betalingsviljen. Vi hjelper dykk å utvikle nye produkt og konsept – frå idé til lansering – og sørgjer for at dei er gjennomførbare, lønsame og tilpassa målgruppa.
Marknadsføring
God marknadsføring handlar om å bli vald av rett kunde – ikkje å rope høgast. Vi hjelper med å bygge ein tydeleg marknadsstrategi som styrkjer synlegheit, posisjonering og merkevare, og gir betre effekt av ressursane de investerer.
System og struktur
Effektive system og gode rutinar heng tett saman med lønsemd. Vi ser på bookingsystem, kapasitetshandtering og interne prosessar – og gir råd som gjer kvardagen enklare, salet meir effektivt og drifta meir robust.
Sal
Treffsikkert sal gir betre belegg og høgare inntening. Vi analyserer marknaden og målgruppene dykkar, og utviklar strategiar for korleis de best kan nå dei rette kundane gjennom riktige kanalar. Resultatet er eit meir strukturert og effektivt salgsarbeid.
Sosiale medium
Synlegheit i sosiale medium kan vere avgjerande for val av destinasjon eller oppleving. Vi hjelper dykk å bruke kanalane smart, slik at innhaldet treffer målgruppa og skapar engasjement. Dette gir meir trafikk, sterkare merkevare og fleire bookingar.
Kompetanseheving
Dei beste resultata kjem når alle trekk i same retning. Vi tilbyr kurs, workshops og prosessleiing som gir tilsette nye ferdigheiter, styrkjer samarbeid og byggjer kultur for utvikling. Det gjer bedrifta meir konkurransedyktig – både no og i framtida.